Om meg

Eg heiter Tore og kjem frå Bremanger i Sogn og Fjordane. Her har eg vakse opp på gard, med kyr, geiter, jakt, og ein storslått natur.

I tenåra var lidenskapen min musikk, samtidig som eg sette stor pris på alt vi holdt på med ute heime på garden, om det var i fjøsen, på fjellet, eller med båten på vatnet. Musikken førte meg til musikklinje på VGS, så vidare til utdanning som faglærar i musikk på Høgskulen i Nord-Trøndelag. Her byrja eg å gå i fjellet igjen, men saknet var stort etter meir fjell og hav, sidan naturen rundt Levanger var prega av store flater.

På slutten av utdanninga mi, traff eg min store kjærleik heime i Bremanger ein sein julikveld, noko som førte meg til Oslo i starten av 2011. Eg kan vel ikkje skryte av å vere noko særleg til bykar, så i lengselen etter heimlege naturopplevingar, gjekk eg mykje i skogane i Nordmarka, både på ski og på føtene.

Etter kvart bestemte vi oss for å flytte heimover igjen til hjortejakt og fjellturar, så flyttelass blei pakka, og kursen sett vestover over fjellet. Heime i Bremanger, har vi alt frå flotte villmarksområder til flotte fjelltoppar og noregs vestlegaste isbre, Ålfotbreen. I tillegg har vi Hornelen, Nord-Europas høgste sjøklippe på 880 moh, og Vingenfeltet, eit helleristningsfelt som husar over 4000 teikningar av livet folket her ute har levd sidan istida.Hjortejakta er eit hovudtema som går igjen her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar