torsdag 23. oktober 2014

Intens hjortejakt og fantastiske naturopplevingar



For nesten tre veker sidan fekk eg tips om at ein liten einsleg stilk var sett i eine enden av terrenget vårt. Etter nokre kveldsposteringar fann eg han i kikkerten på veg lenger innover i terrenget, men i høgda og på langt hald. Kom aldri fram før det var mindre enn 30 min skytelys igjen. Ein kveld såg eg den stå å trykke blant nokre einslege bjørketre, på god avstand til brølebukkane som patruljerte fjella. Dagen etter, like i nærheita. Forrige helg kom eg nesten heilt innpå han. Eg hadde smygjakta på ein liten flokk som fekk teft av meg, og på veg ned igjen frå fjellet kom eg rett på stilken. Det var heilt stilt, dau lyng knasa for kvart steg eg tok, og så var eg avslørt, 200 meter i frå han. For to dagar sidan fann eg han igjen, og i kveld lykkast eg endeleg.

Eg har nesten ikkje tenkt på noko anna dei siste vekene. Han har terga meg heile vegen. Brunsten har vore på topp i denne perioden også, så eg har hatt nokre fantastiske naturopplevingar kvar kveld eg har vore ute. Det er berre ein person som er meir glad enn meg i kveld, og det er sambuaren min; endeleg slutt på ditta ”førbannja” maset om hjort og hjortejakt!








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar