For nesten tre veker sidan fekk eg tips om at ein liten einsleg
stilk var sett i eine enden av terrenget vårt. Etter nokre kveldsposteringar
fann eg han i kikkerten på veg lenger innover i terrenget, men i høgda og på
langt hald. Kom aldri fram før det var mindre enn 30 min skytelys igjen. Ein
kveld såg eg den stå å trykke blant nokre einslege bjørketre, på god avstand
til brølebukkane som patruljerte fjella. Dagen etter, like i nærheita. Forrige
helg kom eg nesten heilt innpå han. Eg hadde smygjakta på ein liten flokk som
fekk teft av meg, og på veg ned igjen frå fjellet kom eg rett på stilken. Det
var heilt stilt, dau lyng knasa for kvart steg eg tok, og så var eg avslørt,
200 meter i frå han. For to dagar sidan fann eg han igjen, og i kveld lykkast
eg endeleg.
Eg har nesten ikkje tenkt på noko anna dei siste vekene. Han
har terga meg heile vegen. Brunsten har vore på topp i denne perioden også, så
eg har hatt nokre fantastiske naturopplevingar kvar kveld eg har vore ute. Det
er berre ein person som er meir glad enn meg i kveld, og det er sambuaren min;
endeleg slutt på ditta ”førbannja” maset om hjort og hjortejakt!