torsdag 11. september 2014

Hjortejakt!

No er endeleg hjortejakta i gong!

Første dagen i jakta skulle vi prøve oss på morgonjakt. Det gjekk fem dyr på beitene våre inn mot skogen, men vi hadde dårleg posisjon og lite med mulegheiter for å komme oss innpå dei frå der vi kom på dei. I tillegg starta pendletrafikken på vegen som går rett ovanfor skogen, rundt 06.00, og det skulle berre to-tre bilar til før dei blei støkka og lunta inn i skogen igjen.

Kvelden etter, låg eg på plass bak ein steingard i nærleiken av ein av bøane på området vårt. Eg kika og kika i kikkerten mot skogkanten, men ingenting å sjå. Heller ikkje når det nærma seg toppen av skumringa var der noko teikn til liv, og eg tenkte vi hadde klart å gjere dei skeptiske første dagen. Men der! Siste gong eg tar ned kikkerten frå auga, så står der tre bukkar som har komt ned frå fjellet ein heilt annan stad enn eg hadde forventa. Blodpumpa slo for harde livet, og adrenalinet gjekk som ei kule i kroppen. Eg var ikkje forberedt, så våpenet låg nede, og bukkane var allereie godt innanfor skotavstand. Ein 3-greinar og to stilkar.

Eg fekk opp våpenet bak steingarden, men no var dei ein 3-greinar som hadde passert kanten på steingarden eg sat bak, korleis skulle eg no få våpenet opp i anlegg?! Bukken beita og beita, og fleire dyr kom no til lengre borte. Men det var denne ungbukken eg hadde sett meg ut. Den stod no heilt i ro på 30 meter, med breisida til og altting, men eg fekk ikkje våpenet opp utan at han såg meg. Og der, der fekk han jaggu teften av meg. Han bråsnudde, drog med seg dei andre, og sprang rundt hundre meter lenger inn på marka. "Æsj!". "Det var då som f...!". Ein einsleg stilk blei gåande igjen ganske nær, men ikkje på skothald for min del. Så eg venta ei god stund til alle dyra trekte lenger frå meg før eg starta mi eiga tilbaketrekning. Eg vil jo helst ikkje at dei skal sjå at der er menneske i nærleiken og skreme dei unødvendig.

Der sat han! Dagen etter sette eg meg på nøyaktig samme post, og jaggu kom den modige stilken fram igjen på same plass som 3-greinaren gjekk i går, til og med ein time før skumringa! Han var nok litt for modig denne bukken, men det passa meg utmerka godt. Han var på 150 meter når eg oppdaga han, og lot han beite seg mot meg i ca eit kvarter før eg starta å finsikte på han. Snudde på seg, vende, beita litt tilbake, og så, skotet blei sleppt roleg og kontrollert. Dyret dreg til seg framfoten litt idet han går opp på bakføta, eg traff der eg hadde tenkt, midt i bogen. Han tar to-tre steg fram og tilbake, og dett rett i bakken. Eg tar ladegrep, ventar, så går eg fram. Hjorten har ete sitt siste måltid.

Spenninga den første veka har vore til å ta og føle på, og eg gler meg stort til resten av hausten, med ulike naturopplevingar som bukkebrøl, beitande dyr, sitte med kikkerten, lytte og lukte, og ikkje minst kanskje få mulegheita til å felle fleire dyr.